This content has been archived. It may no longer be relevant

Arbeidsgivarar er lovpålagt å opprette pensjonsordning for dei tilsette. Men du må ordne opp sjølv, om bedrifta ikkje betaler inn.

I dag er alle selskap over ein viss størrelse lovpålagt å opprette ei pensjonsordning for dei tilsette. Finanstilsynet har avgrensa makt på dette feltet. Tilsynet kan pålegge arbeidsgivaren å opprette pensjonsordning og gi dagbøter om det ikkje skjer. Men der stoppar også tilsynet si makt.

Slik forklarer finansministeren dette i eit ferskt svar til Arbeiderpartiet:

«Finanstilsynet kan imidlertid ikke pålegge arbeidsgiver å betale inn manglende innskudd. Dette er et privatrettslig forhold som arbeidstaker selv må følge opp overfor arbeidsgiver,» svarer finansminister Siv Jensen (FrP) skriftleg svar til stortingsrepresentant Siv Henriette Jacobsen (Ap).

Når pensjonsordninga er oppretta, er det forsikringsselskapet som administrerer ordninga. Men forsikringsselskapet er avhengig av at arbeidsgivar oppgir riktig informasjon om inn- og utmeldingar og om lønsnivået til kvar enkelt tilsett. Myndigheitene har ingen løpande kontroll med at bedriftene melder inn tilsette og opplyser om rett løn.

Forsikringsselskapet har heller ikkje rapporteringsplikt til Finanstilsynet om informasjonen er feil eller manglande. Dette må du altså sjekke sjølv.

Les hele saken på FriFagbevegelse.